Category Archives: Kvardagstankar

Nye bilde

klipp  ” Vatn der du finn kvile”             “Guds bekk”vannbilder 009klipp

 

 

 

 

 

 

 

 

“Kjærlighetens hus ”

vannbilder 005klipp    vannbilder 007klipp

 

 

 

 

 

 

 

 

 

vannbilder 008klipp

 

 

 

Syfeber

Ideane strøymer på. Det er ein herleg følelse. Så då tek feberen meg. okt14 012klipp:-)

Dette bildet er inspirert av Salme 65,10:

Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt,
du gjer henne overdådig rik.
Guds bekk er full av vatn,
du sørgjer for kornet,
ja, såleis sørgjer du for henne.

klassefest 018 klippJer 31, 3-4

Frå det fjerne synte Herren seg for meg:
Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel,
difor har eg heile tida vist deg miskunn.

4 Endå ein gong vil eg byggja deg,
du skal byggjast opp att.

 

Når underet skjer langsomt

underetInspirasjonen til dette bildet fekk eg av ein liten filmsnutt. Ein som brukte ei flaske med kork til å få fram eit poeng:

Reint, rennande vatn kan rense vekk alt grumset i flaska. Men då må eg ta av korken. Med korken på, rant naturleg nok vatnet på utsida av flaska. Når korkener av, renn vatnet ned i flaska. Det reine vatnet vil etterkvart fortrenge alt det skitne grumset. Det kan ta litt tid.  Poenget her er å ha tillit til at vatnet vil gjere sin gjerning. Eg må berre halde flaska open.

 

Eg stenkar reint vatn på dykk, så de blir reine. Eg vil reinsa dykk for all ureinskapen og for alle avgudane.26 Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden.27 Og min Ande gjev eg inni dykk og gjer at de følgjer forskriftene mine, held lovene mine og lever etter dei.
28 Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud    (Esekiel 36, 25-28)

Ny start

IMG_0842 klipp1Eli held på og reviderer denne websida mi. Endelig har eg fått galleri her. Håpar linkane gjer det enklare å navigere for deg som er her inne av og til.
Nå begynnar eg å førebu haustens utstilling. Eg har masse idear. Det gjeld berre å få dei realisert.
I dag har eg begynt på eit nytt bilde. Eg trur ikkje eg skal sei så mykje om det før eg kan leggje det ut isin heilhet. Men her er eit utsnitt

I Guds hand

Dette er eit tema som eg stadig kjem attende til. Heilt frå ein nyttårstale for over 20 år sidan har verset frå Salme 31,16 vore “mitt vers”.

“I di hand er mine tider”. Dette er utuleg godt å leve i. Og eg har erfart at i mine svartaste stunder, så er eg i Guds hand. Det ligg  ei djup sanning i dette. Gud har ikkje lova oss at alle våre ynskje skal bli oppfylt, men at alle Hans løfter  skal bli det.

På forskjellige måtar har eg prøvd å uttrykke dette i bildene eg syr. Det viser seg at mange ynskjer eit bilde med dette tema på veggen. Eg meiner sjøl at symbolikken er talande. Ringane som syner “alle våre tider”. våre hjerter som er i Guds hand. Alt “det andre” eg syr inn i bildet har og ei meining, men det får einkvar kjenne på. :-).

 

Kjennetegn

Etter inspirasjon frå Magnus Malm si bok “Kjennetegn”.

Boka anbefales! :-)

Å jul med din glede!

Lukas 2,10:
Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren

Dette er julens glede. Dette er kva ALT handle om.

Me har store forventningar til jula. Alle skal glede seg, Varme og harmoni, nærhet, fellesskap, god mat, gåver. Og så veit me at veldig mange ikkje har det slik. Tvert om bli jul ei tid kor ein blir minna på alt som skulle vore annleis.

Eg har det meste, har fantastiske barn, familie, venner, jobb, helse…. Ingen ting å klage på. Likevel er jul og andre spesielle dagar ei tid for dei vemodige tankane, ei tid kor det er ekstra tydeleg at noko har gått galt i livet. Når ungane berre kan vere saman med ein av foreldrene, då må alle involverte kjenne på vemodet.

Men nettopp derfor er det viktig å tenkje på kva som er den eigentlege gleda i jula. Me kan vere glade sjøl om noko er trist. Gud vart menneske nettopp fordi me menneske rotar det til for oss. Eg har fått den beste gåva;- Evig liv, og fellesskap med Den treeinige Gud. Bruk jula til å bli ennå betre kjend med Han!

Då er “Vengespenn” opna!

Laurdag 23. november var ein for meg fantastisk dag. Draumen vart verkelegheit. Frå 12.00 – 17.00 strauma det folk ut og inn av huset. Eg opplevde galleriet som ein god stad for folk som kom, og oppe på kjøkken og i stova kunne ein høyre god drøs, latter og stemning. Mine gode hjelperar, Anne, Inger og Hilde var vertsfolk i 1.etasje,(Eg kan ikkje få takka dei nok!!) mens eg fekk gå rundt og snakke med folk i galleriet. Alt var godt organisert- med unntak av to ting: Eg hadde gløymt å legge ut gjestebok, og eg tok ingen bilde. Så inntrykka er mest festa til indre bilde og følelsar.  Det var nok godt over 100 personar innom. Salget gjekk over all forventning, og alt dette gir motivasjon til å fortsette.

I forkant av opninga fekk eg veldig god reklame i Strandbuen. Overveldande med ei heil side med omtale. Men eg må vel vere glad til og gløyme “Jante-haldninga” mi for ei stund. :-)

Kva nå? Kanskje ein eller to gonger i året er max for ei slik stormønstring som på laurdag. elles håpar eg å halde ope eit par timar på torsdag ettermiddag på det jevne, og ellers etter avtale. Eg skal tross alt fortsatt ha tid til  å vere kreativ. Det er det viktigaste. :-) Og då må eg og ha tid til stillhet og ettertanke slik at bildene “får komma til meg”. :-)

Oppsummert må eg sei at det beste denne helga var støtten frå familien og alle mine gode venner. Og ei stor takk til Inger, Malena og Anna som vart over til søndag. Godt og uvurderleg  å dele gode opplevingar med gode venner.

 

Vengespenn gir frihetsglede.

To nye bilde der Vengespenn er inspirasjonen.

Dette bilde har eg kalla “Opprørt hav”. Vinden er ei naturkraft som ein skal ha respekt for. På havet har sjømenn utnytta vinden og dei har frykta den.  Eg har alltid vore redd på sjøen når det stormar. Og segling har eg aldri forstått meg på. Eg likar å ha kontroll, og er ikkje flink til å stole på “Erfarne sjøfolk” og utnytte gode vindar. Eg likar å padle på blank sjø. Det krev mot  å folde ut vengene, og stole på at eg kan segle på vindane. Men ved å stole på at vengespennet ber meg, kan eg få ei fantastisk oppleving av å segle over det opprørte havet.

I det andre bildet tenkjer eg meir på kor viktig det er å ta “Ørneperspektivet” av og til. Når livet verkeleg røyner på, har me lett for å bli veldig “nærsynte” og detaljorienterte..

Ved å få overblikk over situasjonen, eller livet, kan ein sortere,  plassere problemet der det høyrer heime. Ein kan sjå at “problemet” berre er ein del av heilheten.

Min erfaring er, at eg ofte treng hjelp for å få dette overblikket. Då er det menneske rundt meg som gir meg oppdrift og mot til å “segle og skoda over livet”.

 

Slik som dette kan eg reflektere og få inspirasjon til å uttrykke meg kreativt. Det er ei gåve eg takkar for, har stor glede av og som for meg gir livet ein ekstra dimensjon. :-)

Vengespenn

Ein morgon for over to år sidan vakna eg med ein veldig levande draum i minnet. Eg skulle lage eit galleri i kjellaren. Eg såg for meg korleis eg skulle gjere det, alle mulighetene. Uteområdet som ligg som ein perfekt forlengelse av innerommet. (Iallefall sommarsdag. :-) )

Etter opp-pussing og mange tankeprosessar, er nå målet nådd. 23.november opnar eg.  To tankar som har forlenga prosessen: “Jante-tanken”: Den rommar alle dei negative tankane rundt “kven eg er?” og “kva vil andre tenkje/tru?” Likevel veit eg at dette skal eg gjere. Og mange har oppmuntra meg  undervegs. Den andre tanken er namnet på galleriet. Tankane svirra i ring, og eg hadde nesten bestemt meg for at det berre fekk heite KomArt som firamaet mitt. Men eg var ikkje roleg for det. Sist onsdag hadde eg 4 gode damer på besøk i kjellaren (Lyttegruppa eg er med i). Wenche som sjøl er kunstnar har tidlegare utfordra meg på namnet, og sa tydeleg at KomArt ikkje kommuniserte. (Herleg med folk som seier det dei meinar!!!) Kanskje noko med englar, sidan eg syr så mange av dei? Men me vart fort einige om at englebegrepet er det andre som eksponerer. Plutseleg berre datt det ned i meg: Vengespenn skal galleriet heite. Eg hadde allerede bildet over som assosierte til dette.

I dag kom eg tilfeldig over ein CD i hylla mi som eg ikkje hugsa elle visste eg hadde. Sølvi Hopland: Vengespenn.  Det er nå jordnære meg kjenner at dette er ein STOR bekreftelse. Og teksten set to tjukke strek under det eg ynskjer bildene mine skal kommunisere. Høyr berre:

Vengespenn (Sølvi Hopland)

Vengespenn gir frihetsglede.
Vengespenn gir kraft.
Vengespenn får livet til å gå framover igjen.

Vengespenn gir overskudd og vengespenn gir ro.
Vengespenn får kjærlighet til å blomstre opp igjen.

Vengespenn til ein englevenn- ønsker eg for deg om du landar eller dreg.
Vengespenn. Eg heiar på deg og ropar “kom igjen”
Flyg dit du vil, kvar vegen din enn går hen,
med vengespenn kjem du kanskje hit igjen….

Vengespenn gir livet bredde. Vengespenn krev mot.
Vengespenn gjer andungen til ei svane igjen.

Vengespenn gir leik og latter. Vengespenn gir fryd.
Vengespenn får skadeskutt til å skyve fart igjen.

Om månen veks, om sola brenn, om vinden bles, om regnet renn,
om stjernene er strødd på himmelen, om du er sterk, om du er svak-
er lufta under, bak. Ditt vengespenn gir vinden tak.