Category Archives: Kvardagstankar

Utstilling!

Denne sommaren har vore så solrik og fantastisk syns eg. Eg føler eg har lagra lys og sol for den komande vinteren. ein annan måte å gjere det på, er å sy “solminner”. :-)

Denne helga har eg sydd fleire brikker. Desse med solmotiv, og så nokre med hjertemotiv.

Eg har endeleg bestemt meg for å ha ei slags opning av mitt vesle galleri i kjellaren. Oppstarten blir ein salgsutstilling  laurdag 23,november.  Dette er ei veke før advent. Tenke eg skal sy opp litt advent- og juleinspirerte brikker/løperar/ bilder. Kanskje ein ide til alternative julegaver.??:-)

You look fine

På mine bad, heng det eit bilde på speilet, med teksten “You look fine”. Det er faktisk ganske oppmuntrande å stå opp om morgonen og bli møtt med dette. Det er ikkje alltid eg føler meg så topp når eg står der- trøtt, med håret til alle kantar og ser alle linjer brutalt ærligt. Men sola og teksten hjelper faktisk. Dette er ein god start på dagen! :-)

Berre prøv! You look fine too. :-)

Bildet er ca 15×15 cm.

 

 

Akustikk

Dei siste vekene har eg endeleg funne roen ved symaskinen igjen. Av og til er det små ord og setningar som gjer at eg ser for meg eit bilde. Andre gonger er det ein tale eller bibelvers. Denne gongen var det eit møte med Vivien Hibbert i Jørpeland kyrkje som vart utgangspunkt for bildet til høgre.

Først eit bibelvers…
Hab 2,1: No vil eg stå på vakt, stilla meg på muren og speida og sjå kva han vil seia til meg.

Så eit par setningar teke ut av sin samanheng, men som sa noko til meg.
– Hjertestrengene blir stemt av Gud
– Guds akustikk i våre hjerter

Nå begynte bildet å ta form i tankane mine. Den treenige Gud har gitt oss sitt ord. Det er her eg må gå for å få hjertestrengene stemt av Gud. Men kva er strengene i livet? Kva er det som må stemmast? Dette grunna eg litt på… Og eg trur eg fekk eit svar:

2.Pet 1, 5-7:  Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med INNSIKT, innsikta med MÅTEHOLD, måtehold med TOLMOD, tolmodet med GUDSFRYKT, gudsfrykta med SYSKENKJÆRLEIK, og syskenkjærleik med KJÆRLEIK MED ALLE.

Vers 8: For når alt dette finst hos dykk og får veksa, då blir de ikkje uverksame eller utan frukt, de som kjenner vår Herre Jesus Kristus

Halleluja!

1. påskedag er den  dagen kor me verkeleg kan juble.

Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr
(Joh, 11,25)

Påskefeiring heime på Jørpeland er flott. Gudsteneste -Skjærtorsdag med nattverd og fokus på Jesus som vaskar føtene til vennene sine. Gudstenesta sluttar med at alteret blir dekka med svart duk.
Langfredag ligg det raude roser på den svarte duken, og preika er erstatta av lesing av heile lidingshistoria.
1.påskedag er i morgon. Eg gler meg til festgudsteneste. Feiring av at vegen er opna for deg og meg, til relasjon med Den treeinige Gud, no i det daglege, og like inn i himmelen. Så då kan vel eg som Lutheraner våge meg med eit forsiktig “Halleluja”.

 

Velsignelsen

Første helga i mars hadde vi fellesmøter med Egil Svartdal. Tre kveldar tok han oss med inn i “Velsignelsen” (4.Mos 6,24)

Herren velsigne deg
og vare deg!             
Herren la sitt andlet  lysa over deg 
og vere deg nådig! 
Herren lyfte sitt andlet  mot deg 
og gje deg fred!

Her får vi tre løfter. Gud vil bevare oss. Han ser på oss og gir oss nåde. Og han gir oss fred.  Sjøl om eg alltid syns det er flott når velsignelsen blir lyst over oss, blei innhaldet i denne teksten heilt ny for meg denne helga.  Eg har prøvd å visualisere Velsignelsen i bildet over.

Levande vatn

For ei tid tilbake blei eg invitert til å snakka om Den Hellige Ånd i to “huskirker”. Begge gruppene bestod av ungdommar mellom 20 og 30 år. Det er oppløftande å vere i lag med ungdommar som ønsker å læra meir om liv og tru.

Når eg skal fortelje litt om mine erfaringar, er det viktig å setje DHÅ i rett perspektiv, som ein del av Den Treinige Gud. Å visualisere dette har eg vore opptatt av i årevis. Trenigheten er ikkje lett å forstå, men viktig.

GUD er skaparen.
GUD vart menneske ved å bli født julenatt, åpne veien til himlen for oss langfredag og påskedag.
GUD har ein relasjon til oss gjennom DHÅ.

DHÅ blir beskrive som levande vatn bl.a i Joh 7,37-39:
Dette er vers eg stadig kjem tilbake til, og prøver å visualisere Det levande vatnet som ein del av treenigheten, og som er tilgjengeleg for oss, ja ein del av oss og, av vårt indre.

Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han.

Julerefleksjon!

I år var det min tur til å “ha ungane”  i julehelga. Sist det var “min tur”- for to år sidan, låg me sjuke heile gjengen, så dette året såg eg verkeleg fram til jul. Og forventningane slo til  :-)

 

Utpå kvelden fann me dette fine bildet frå jula 1993. Jentene er tydelig begeistra, mens Erik (10 mnd) er forundra over heile greia.

19 år seinare er ungane blitt vaksne.
Her prøver dei å gjenskape situasjonen fra barndommens album.

Flotte då og flotte nå… seier nå eg. :-)

——
Overskrifta på dette innlegget er julerefleksjon.

Eg vakna julafta morgon med ein tanke eller draum. Og tankane gjorde noko med meg.
“Er det noen snille barn her?” Kor mange gonger kvar jul høyrer vi ikkje desse orda i ein eller annan versjon? Nissen lovar gåver til alle som kan svare at dei har vore snille det siste året. Kor stor kontrast til julebodskapen. Gud sende englane til Betlehemsmarkene for å fortelje ei stor GLEDE om ei gåve for alle menneske. Ingen betingelsar. Ikkje noko spørsmål om “snille barn”. Snill eller ikkje- Jesus er gåva til oss alle. Ein open veg til himmelen heilt gratis. TAKK!

Litt seinare på dagen les eg om to nøklar til jula. Den eine nøkkelen låser opp for jula. Det er “Takknemlighet”.  Den andre nøkkelen lukkar igjen jula. Og det er “selvfølgelighet”. Alle som har slutta å undre seg over at Gud vart eit barn julenatt, over at så høgt elska Gud verda at han ga son sin,- slike menneske mister jula, eller får ikkje auge på den.

Sommar?

Sjøl om hverken sol eller temperatur har vore det store så langt i sommar, så har eg hatt flotte naturopplevingar, godt selskap, gode samtalar. Med andre ord: Heilt topp!

Biltur med Oddbjørg:
– Hovden: Overnatting på hytta til Siri
– Areopagosstevne: Klætten hotell Hadeland.
– To døgn med Janneke: Asker/Holmsbu
– Larvik: Galleri Perlen- Kjolegalskap
– Grimstad: jordbærpai hos Inger og Petter
– Kristiansand: Hotell (Litt luksus :-))
– Lista: Venner av Oddbjørg
– Innom Kjell og Kirsten på hytta i Lyngdal og innom hos Malena og Olav på Ogna.

Etter vel ei veke på hjul i sør-Norge med Oddbjørg, hadde Siri og eg ein flott tur til Mælands Grønehei.

Her på vei til Grønahei. Stølen på bildet heiter Stråpastøl.

Me er heldige som får nyte alle desse flotte perlene i fjellheimen.

Det første bildet er frå Hadeland. Ein klatretur gjennom denne kløfta og eg fekk testa både formen og høydeskrekken. :-)

 

 

Opptur

Er det alderen, eller ka…? :-)
Det er berre så fantastisk å kunne nyte naturen, hoppe frå stein til stein, gå på mjuk skogsbotn, klatre til topps… kjenne sola varme, nyte den storslagne utsikten, sjå at naturen endrar seg frå dag til dag,- det gråe vinterlandskapet blir vårleg grønt.

Det er ikkje sjølsagt at eg har friske og sterke bein, er frisk, har godt syn, har evnen til å gleda meg over dei små øyeblikk. Men det er faktisk øyeblikket som er sjølve livet. Det er viktig å ta vare på det. Nyte det!(Utsikt frå Holtaheia.)

Det er noko med skogsstiar ….
Eg syns det er så flott å gå på opptråkka stiar. Det er berre å følgje stien, så kjem eg til slutt fram til eit mål. Me kan sjå stien eit stykke, men veit at bak svingen vil den fotsetje. Det er noko trygt med det.
Sjøl om eg går åleine, er eg saman med dei som har gått før meg og dei som kjem etter.  (Her går eg på veg ned frå Nonsknuten -ned Kalddalen)

Nå trur de gjerne at eg har gløymt heile bloggen min… Men så er ikkje tilfelle. Eg har berre ikkje hatt så mykje nytt å fortelje. Iallefall ikkje sy-nytt.

Men det håpar eg skal endre seg. Kreativiteten krev tid og rom. Det er ikkje slik, at eg berre kan setje meg ned og sy når eg har ein time til rådighet. Tankane må vere på “rett plass”. Ideane tilgjengelege. Inspirasjonen på topp… Og tida! Ofte er ein times tid berre nok til å kikke litt på stoffutvalg, eller justere ei skisse, eller … Neste gong eg har eit øyeblikk, er nye idear fremst i hodet.

Ei “tom” helg der eg har tenkt og bestemt tema på førehand er det beste utgangspunktet. Eg ser fram til ei slik helg. :-)