Category Archives: Quilt

Bestillinger

Det er alltid kjekt når nokon tek kontakt og ynskjer eit bilde. Her er to eg nettopp har sydd og levert. Det første har ein spesiell historie: ei jordmor  vart beden i bryllup til ei jente ho hadde teke imot. Dette var i det store utland, og ho har ikkje truffe jenta etter fødselen. I mai reiser jordmora i bryllupsfest. Ho hadde lyst til å ha med seg ei spesiell gåve. Eg fekk utfordringa: Bilde skulle symbolisere fødsel og bryllup. Dette vart resultatet:

image

 

image

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det neste bilde er til ei gymnasvenninne som hadde sett eit bilde ho lika på Facebook. Ho spurte om å få kjøpe dette.  Sidan det var selt , sydde eg eit nytt til henne.

 

 

Skatten

For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.  Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.

2.Kor. 4, 6-7

Så sant, så sant

Sommar – inspirasjon

Ferie er topp! Energien er stor. Eg nyt dagane som er heilt til eigen disposisjon. Hage, turar, terrassen, jordbær, bytur, gode venner, familie, seine kveldar….

Kveldane (og delvis nettene) har eg nytta ved symaskinen. Det blei meir “Bevende hjerter”, og etterpå fekk eg endeleg sydd eit bilde med sommarfuglar. Dette har eg tenkt på lenge. Eg syns symbolikken med larven som blir til sommarfugl gir HÅP. Løftet frå 2. Pet, 3,13:

Men etter hans lovnad ventar vi på ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

I begge desse bildene har eg nytta same teknikk på “bakgrunnen”. Tøybitar i forskjellige fargar og mønster blir sydd saman med utallige symaskin-sting. Dette krev både tid og masse tråd. :-)

Eg hadde mange tøybitar til overs, så då vart det eit tredje bilde.

Temaet her har vore bakgrunn for fleire bilder eg har sydd.  Eg undrar meg stadig over kor mange flotte “bilder” frå naturen som blir nytta i bibelen for å sei oss noko om livet vi lever.

Velsigna er den mann som stolar på  Herren og set si lit til han. Han er lik eit tre som er planta attmed vatn og strekkjer røtene  mot bekken. (Jer 17, 7-8)

Bevende hjerte

Denne helga besøkte eg Malena og Olav på Ogna. Det er alltid like kjekt. Malena og eg hadde fleire turar langs dei flotte strendene. Havet gir ein eigen ro i sjela. Det har eg alltid kjent på, enten det er storm eller stille.

På denne tida av året er det fantastisk å sjå alle fargane av alt som blømer mellom knausar og sanddyner. Denne gongen var det eit strå som fanga oppmerksomheten min. Strået blir kalla “Bevende hjerte”, og har masse bittesmå “blad” som ser ut som hjerter. I dag har eg prøvd å sy inntrykket mitt ned.

Nå er  blada på stråa bittesmå. Og ein må sjå nøye etter for å oppdage kor nydelige desse hjertene er.

Mitt uttrykk blir i så måte “feil” i forhold til proporsjonar, så dette er ikkje eit forsøk på å gje eit autentisk inntrykk. Eg har teke meg kunstnerisk frihet til å gjengi “Bevende hjerte” på min måte. :-)

 

 

Keltisk kors

Keltisk kors.
Fra år 800 – 900 vart det reist opp mange steinkors på dei britiske øyane, spesielt i Irland. Vi kan og finne liknande steinkors her i Norge, men då berre  på Vestlandet. Dette viser kontakten mellom desse landa.
At vi finn keltiske steinkors frå kristningstiden på vestlandet er eit synleg bevis på at denne landsdelen hadde kontakt med den keltiske kyrkja i Storbritannia i mellomalderen.  Her ligg mykje symbolikk i utforminga av desse korsa. Evighetsringane dannar ein sirkel rundt krysspunktet. At treenighetssymbolet er meisla ut på alle fire armane syns eg er fasinerande. I tillegg til at korset symboliserer korsfestinga, så finns det fleire eksempel på at armane og symboliserte dei fire himmelretningane, -dei fire elementa jord, luft, ild og vatn, eller og mennsekets fire deler,-  kropp, sjel, ånd og tanke. Men altså Den Treeinige Gud i alle deler. Flott!

Og Gud sa..

for fleire år sidan sydde eg bildet: “Og gud sa”. Eg vart aldri heilt nøgd med bildet, så eg la det blandt “Uferdige arbeid” (Eg har ein del slike :-) ). I dag har eg prøvd å arbeide det om ein del. For det første har eg beskåre bildet slik at berre ein del av treet er med. Eg har og prøvd å lage meir liv i bildet. At treet nå har blad av forskjellig art, har faktisk ein hensikt. Eg tenkjer at  livet (treet) kan bli ganske omskapt når røtene får næring frå vatnet og Ordet. Det gamle og det nye skal leve side ved side.

Eg har og prøvd å få litt meir liv i den gule bakgrunnen. Her kan vi ane ein soloppgang- forhåpentlegvis.

Piken med perleøredobb

I forrige innlegg viste eg ein prøvelapp kor eg kombinerte søm og farging.

Teknikken er egentlig ganske enkel. Her har eg funne eit bilde av “Piken med perleøredobb”. (Dette bildet har eg fått tillatelse til å bruke. Det er ganske viktig. Det beste er å bruke eigne bilde. Dei kan ein sjølsagt bruke som ein vil.) Eg har teikna av bildet på eit lyst stoff. Eg brukar då ein lysboks, slik at eg ser teikninga gjennom stoffet. Etter at eg har overført teikninga til stoffet, “limer” eg  vliselin på baksida. Deretter vatt og bakstykke.

Nå er det tid for symaskinen. Eg teiknar på nytt ved å sy oppå alle “strekane”. på denne måten blir portrettet quilta.

Så er det tid for farging. Her har eg nytta vanlege fargeblyantar. Eg brukar ein “blender” for å blanda fargane på stoffet. Til slutt brukar eg ein pensel og fikserer  fargen til stoffet.

bildet er ikkje heilt ferdig før bakgrunnen er quilta og “ramma” er sydd på. Eg har valgt å bruke ein quilteteknikk kor eg syr rundingar tetti tett på heile bakgrunnen.

Neste prosjekt eg skal prøve meg på, er å applikere motivet på, men bruke maling for å få liv i bildet. (Skuggar, mørkt/lyst osv)
Motivet eg har valgt til dette er ein blom. Men først må eg få tak i den malinga som er best eigna.

 

 

 

 

Aldri så galt……

Feriedagane går, finveret uteblir, og då må ein jo bli litt kreativ.

4 nye brikker. Dette er kuvertbrikker. Ganske koselige syns eg. :-)

Etter å ha surfa på nettet, blei eg inspirert til å prøve litt nytt. Eg har sett på amerikanske kunstnerar innan ArtQuilt, og denne gongen var det kombinasjon av fargelegging og quilting som fenga meg. Eg laga ein prøvelapp, og fant ut at eg mangla litt utstyr, så i dag har eg leita i Stavanger-Sandnes-området etter dette. Det var kje lett å finne. Så kanskje det blir litt netthandel igjen. Hverken hobby-, sy-, eller kunstbutikkar hadde høyrt om denne kombinasjonen med farge/sy på stoff.

Her er prøvelappen. Men dette var veldig kjekt, så nå vil eg prøve noko meir krevande, :-)

 

Brikker

I dag har eg nytta veret (regnet). Flott ver til å sitje ved symaskinen. Eg såg eit bilde av nokre sommarbrikker, og fekk lyst til å sy slike. Her er resultatet. To brikker på 45 x 45 cm.  Dei er ganske store. Hvis eg legg dei etter kvarandre som her på bildet, blir det ein løpar. Men eg fann og ut at ei brikke oppå ein kvit duk er ganske lekkert. Dei neste dagane skal eg sy fleire, men  varriere størrelse og fargar.