Sommar – inspirasjon

Ferie er topp! Energien er stor. Eg nyt dagane som er heilt til eigen disposisjon. Hage, turar, terrassen, jordbær, bytur, gode venner, familie, seine kveldar….

Kveldane (og delvis nettene) har eg nytta ved symaskinen. Det blei meir “Bevende hjerter”, og etterpå fekk eg endeleg sydd eit bilde med sommarfuglar. Dette har eg tenkt på lenge. Eg syns symbolikken med larven som blir til sommarfugl gir HÅP. Løftet frå 2. Pet, 3,13:

Men etter hans lovnad ventar vi på ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

I begge desse bildene har eg nytta same teknikk på “bakgrunnen”. Tøybitar i forskjellige fargar og mønster blir sydd saman med utallige symaskin-sting. Dette krev både tid og masse tråd. :-)

Eg hadde mange tøybitar til overs, så då vart det eit tredje bilde.

Temaet her har vore bakgrunn for fleire bilder eg har sydd.  Eg undrar meg stadig over kor mange flotte “bilder” frå naturen som blir nytta i bibelen for å sei oss noko om livet vi lever.

Velsigna er den mann som stolar på  Herren og set si lit til han. Han er lik eit tre som er planta attmed vatn og strekkjer røtene  mot bekken. (Jer 17, 7-8)

This entry was posted in Quilt.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*