Vengespenn

Ein morgon for over to år sidan vakna eg med ein veldig levande draum i minnet. Eg skulle lage eit galleri i kjellaren. Eg såg for meg korleis eg skulle gjere det, alle mulighetene. Uteområdet som ligg som ein perfekt forlengelse av innerommet. (Iallefall sommarsdag. :-) )

Etter opp-pussing og mange tankeprosessar, er nå målet nådd. 23.november opnar eg.  To tankar som har forlenga prosessen: “Jante-tanken”: Den rommar alle dei negative tankane rundt “kven eg er?” og “kva vil andre tenkje/tru?” Likevel veit eg at dette skal eg gjere. Og mange har oppmuntra meg  undervegs. Den andre tanken er namnet på galleriet. Tankane svirra i ring, og eg hadde nesten bestemt meg for at det berre fekk heite KomArt som firamaet mitt. Men eg var ikkje roleg for det. Sist onsdag hadde eg 4 gode damer på besøk i kjellaren (Lyttegruppa eg er med i). Wenche som sjøl er kunstnar har tidlegare utfordra meg på namnet, og sa tydeleg at KomArt ikkje kommuniserte. (Herleg med folk som seier det dei meinar!!!) Kanskje noko med englar, sidan eg syr så mange av dei? Men me vart fort einige om at englebegrepet er det andre som eksponerer. Plutseleg berre datt det ned i meg: Vengespenn skal galleriet heite. Eg hadde allerede bildet over som assosierte til dette.

I dag kom eg tilfeldig over ein CD i hylla mi som eg ikkje hugsa elle visste eg hadde. Sølvi Hopland: Vengespenn.  Det er nå jordnære meg kjenner at dette er ein STOR bekreftelse. Og teksten set to tjukke strek under det eg ynskjer bildene mine skal kommunisere. Høyr berre:

Vengespenn (Sølvi Hopland)

Vengespenn gir frihetsglede.
Vengespenn gir kraft.
Vengespenn får livet til å gå framover igjen.

Vengespenn gir overskudd og vengespenn gir ro.
Vengespenn får kjærlighet til å blomstre opp igjen.

Vengespenn til ein englevenn- ønsker eg for deg om du landar eller dreg.
Vengespenn. Eg heiar på deg og ropar “kom igjen”
Flyg dit du vil, kvar vegen din enn går hen,
med vengespenn kjem du kanskje hit igjen….

Vengespenn gir livet bredde. Vengespenn krev mot.
Vengespenn gjer andungen til ei svane igjen.

Vengespenn gir leik og latter. Vengespenn gir fryd.
Vengespenn får skadeskutt til å skyve fart igjen.

Om månen veks, om sola brenn, om vinden bles, om regnet renn,
om stjernene er strødd på himmelen, om du er sterk, om du er svak-
er lufta under, bak. Ditt vengespenn gir vinden tak.

This entry was posted in Kvardagstankar.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*