Då er “Vengespenn” opna!

Laurdag 23. november var ein for meg fantastisk dag. Draumen vart verkelegheit. Frå 12.00 – 17.00 strauma det folk ut og inn av huset. Eg opplevde galleriet som ein god stad for folk som kom, og oppe på kjøkken og i stova kunne ein høyre god drøs, latter og stemning. Mine gode hjelperar, Anne, Inger og Hilde var vertsfolk i 1.etasje,(Eg kan ikkje få takka dei nok!!) mens eg fekk gå rundt og snakke med folk i galleriet. Alt var godt organisert- med unntak av to ting: Eg hadde gløymt å legge ut gjestebok, og eg tok ingen bilde. Så inntrykka er mest festa til indre bilde og følelsar.  Det var nok godt over 100 personar innom. Salget gjekk over all forventning, og alt dette gir motivasjon til å fortsette.

I forkant av opninga fekk eg veldig god reklame i Strandbuen. Overveldande med ei heil side med omtale. Men eg må vel vere glad til og gløyme “Jante-haldninga” mi for ei stund. :-)

Kva nå? Kanskje ein eller to gonger i året er max for ei slik stormønstring som på laurdag. elles håpar eg å halde ope eit par timar på torsdag ettermiddag på det jevne, og ellers etter avtale. Eg skal tross alt fortsatt ha tid til  å vere kreativ. Det er det viktigaste. :-) Og då må eg og ha tid til stillhet og ettertanke slik at bildene “får komma til meg”. :-)

Oppsummert må eg sei at det beste denne helga var støtten frå familien og alle mine gode venner. Og ei stor takk til Inger, Malena og Anna som vart over til søndag. Godt og uvurderleg  å dele gode opplevingar med gode venner.

 

This entry was posted in Kvardagstankar.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*