Utstilling

 Eg har hatt fleire utstillingar dei siste åra. Enten i lag med andre, eller som ein del av formidling i form av foredrag el.l. Eit eks på det siste er temasamling kor eg har snakka over tema “Livsglede”. Då har eg brukt bildene mine i foredraget. I tillegg har eg stilt dei ut i same lokalet.

Hausten 2011 hadde eg ein mnd. separatutstilling på Verkshotellet på Jørpeland. Det var ein  flott erfaring, med overveldande respons.  

Galleri Vengespenn blei opna 24.november 2013.

Eg har innreda eit rom i kjellaren slik at eg har ein plass å stille ut bildene mine etterkvart som eg produserer. Sjølve opningsdagen var det ca 100 stk innom, såg, drøste og mange kjøpte bilde.

Nå kan folk ta kontakt (90994693) om dei vil stikke innom. Eg prøverog å ha ope torsdagar frå 17.00 – 19.00.

Neste “store” utstilling blir helga før advent 2014.