Om bildene

   SJÅ ALLE BILDENE MINE UNDER “BILDER

LIVETS MANGE BILDER!

Dette bildet sydde eg sommaren 2005. Eg hadde lese boka “De stumme bildene” av Magnus Malm. Boka gjorde inntrykk på meg. Livet mitt hadde begynt å få meining igjen etter ekteskapsbrudd eit år tidlegare. Sjølv om “livsbildet” går i knas, kan det vekse fram ny meining, og ein kan få nye “rammer” i livet.

Bildet heng midt i stova mi og er dermed ei dagleg påminning om at når ein ligg i glasskåra og ikkje ser anna enn sår og smerte, så er det likevel håp om oppreisning, nye perspektiv. Løvetannen minner meg om at rotsystemet er viktig. Det er vanskeleg å knekke ein løvetann. Den reiser seg alltid på nytt. Rota er seig og godt forankra. Den kan vekse i dei utrulegaste kår. Det er ikkje uvesentlig at vi har gode røter som har god næringstilførsel.

Det levande vatnet. Joh 7,37-39
På den siste dagen i høytiden, den store festdagen, sto Jesus fram og ropte: «Den som tørster, skal komme til meg og drikke! Den som tror på meg, fra hans indre skal det, som Skriften sier, renne elver av levende vann.» Dette sa han om den Ånd de som trodde på ham, skulle få.

Dette er eit av dei første bildene eg sydde som handla om vatn.

VATN
Ein haustdag i 1997 var eg ute og gjekk tur. Det hadde regna godt, og eg traff nokre ungar som laga demningar i ein bekk. Eg såg korleis desse ungane ved hjelp av stein, jord, pinnar og gras prøvde å stenge for at vatnet skulle få renne fritt. På oppsida av demningen samla det seg eit lite “hav” av vatn. I bekkeleiet nedanfor var det så vidt det sildra.

Denne hendinga vart ei sterk åndeleg oppleving for meg. – Kva var demningane i mitt liv? Gud har alt dette levande vatnet han snakkar om i Johannes -evangeliet. han seier ..Den som trur på meg.. ut frå hans indre skal det flyte straumar av levande vatn. Eg såg at vi menneske kan bygge opp demningar som hindrar vatnet å renne fritt. Ei demning i mitt liv var at eg trudde så lite om Gud og meg sjølv. Gud har skapt oss i sitt bilde. Og han ynskjer å velsigne oss, bruke oss. Men me må sjølv ville det.

Etter dette var det at eg begynte å få bilete både til enkeltpersonar, og til sanningar i Guds Ord. Det gjekk ei tid før eg våga å tru at dette var ei gåve eg hadde fått. Nå ber eg om at bildene mine må få betydning for andre.

LIVSGLEDE

For meg handlar livsglede mykje om ei haldning til livet, men det handlar og om å føle glede. Eg må ha det godt med meg sjølv og dei eg har rundt meg.

Den dimensjonen som ligg til grunn for bildet er derimot Gudsdimensjonen. Når eg kan sjå gjennom hjerte og kors og sjå mitt eige speilbilde, så handlar det om min posisjon i forhold til Gud. Eg er i guds hjerte. Han har skapt meg. Han ville at eg skulle vere akkurat meg. Han elskar meg slik som eg er. Og i Kristus har eg allereide nå eit evig liv saman med Gud.

Grunn til glede?

For jeg er viss på at verken død eller liv, verken engler eller krefter, verken det som nå er, eller det som kommer, eller noen makt, verken det som er i det høye eller i det dype, eller noen annen skapning, skal kunne skille oss fra Guds kjærlighet i Kristus Jesus, vår Herre. Rom 8,38-39

GJENNOM ALLE TIDER!

For mange år sidan hadde eg ei oppleving kor dette verset frå Salme 31,11 fekk stor betydning for meg. “Mine tider er i di hånd”. Seinare har dette stadig kome opp i tankane mine. Og nå fekk eg lyst til å visualisere det. Både dei lyse og mørke tidene kviler i guds hand. Sjøl når me ikkje ser meining og framtid og håp, så står det her svart på kvitt, at Gud har omsorg for oss uansett omstende eller følelsar. Livet er som eit lappeteppe, og ringane kan symbolisere årringar…

KJÆRLIGHET!

Eg trur eg berre så vidt har fått eit glimt av den kjærligheten Gud har til meg/oss, men det er nok til at eg blir fylt med undring, glede og stor takknemlighet. Tekstane eg har reflektert over er frå Jes 31, og Joh 15.

Jes 31,3-4
Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:
Med evig kjærleik har eg elska deg,
difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved.
Endå ein gong skal eg byggja deg

Joh 15, 9
Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!

 

I dette bildet har eg fleire tankar.  Fargevalg: Svart-kvitt. Livet kan ha mørke og lyse sider og tider. Men som oftast er det både-og. Når livet er grått, blir det ekstra sterkt når fargane trer fram.

Eg har kalla bildet for håp. Det lyse trer fram som eit kors i det grå og svarte. Berre påskens budskap kan gje så sterk grunn til håp og glede.

Jes 1,18
Om syndene dykkar er som purpur,
skal dei verta kvite som snø;
om dei er raude som skarlak,
skal dei verta kvite som ull.