Galleri Vengespenn

Om

Galleri Vengespenn er ein plass for stillheit og ettertanke. Her kan ein komme for ein god drøs, eller for å sjå på bilete som eg har quilta.
Beskrivelse

Bildene syr eg på maskin- såkalla Art-Quilt.

Å quilte betyr å sy fleire lag stoff saman; ei framside, eit mellomlag- gjerne av vatt, og så bakstykke.

Art-Quilt er ein eigen kunstform der ein nyttar tekstilar til å skape eit uttrykk, konkret eller abstrakt. Ein kan lage flotte uttrykk ved å setje lappar saman på forskjellige måtar til eit kunstnerisk uttrykk, eller ein kan applikere eit motiv. Mulighetene er uendelige.

Idear til bildene mine får eg gjennom ord, opplevingar, naturen. Eg “ser for meg” eit motiv eg får lyst til å uttrykke eller formidle videre til andre.

Dette er og grunnen til at eg har innreda galleri i kjellaren min. Eg opplever at bildene gir meining for fleire enn meg sjøl. Dette rommet mitt ønsker eg derfor skal vere ein stad der folk kan komme- ikkje først og fremst for å kjøpe, men som ein rasteplass for kvile og påfyll.